Lysåsen Hyttefelt

Lysåsen Hyttefelt

907 22 304

peter@sigmundstad.no

Lysåsen er eit etablert hyttefelt ved fjorden på Fister, midt i Ryfylke.

Feltet er utvida med 6 nye tomter, og 3 av desse er allereie selde.

Hyggelige deltidsbuande og hyttefolk nyt utsikten, turmoglegheitene, sjølivet og alle aktivitetane i Hjelmeland.

Til feltet er det ei privat småbåthamn med moglegheit for eigen sjøbod.

I nærområdet

Det er ca. 2 km til bygdas Jokerbutikk (ny 2018) som har eit godt vareutvalg. Opningstidene er måndag til torsdag kl. 9-19, fredag kl. 9-20 og laurdag kl. 9-18.

Kommunesenteret med lege og offentlige kontor er på Hjelmeland, ca. 14 km. Her finn du restaurant, trelast, maling og drivstoff. På fjellgarden Hagalid er det sesongåpent kunstgalleri og kafé.

I umiddelbar nærleik er det mange fine turmoglegheiter som innbyr til eit variert friluftsliv heile året, både på sjøen, i skogen og på fjellet. Fotturar og toppturar på skogsvegar og stiar i skog og fjell. Båtturar med fiske eller båtsportsaktivitetar. Vinterstid er det moglegheit for skiturar i Lyngsheia (Årdal) og på Bjødnabu (Hjelmeland). Skitrekk er ca. ein time unna, på Gullingen i Suldal.

Det er ca. en times kjøring fra Lysåsen, gjennom Ryfast, til Stavanger. Det er også buss- og hurtigbåtforbindelse frå Fister til Stavanger. Har du en kjapp liten båt sjølv, er det kanskje berre ein liten time ut fjorden til Stavanger.

Velkommen til Lysåsen, når det passer for deg!

Besøk heimesida for meir informasjon.

Følg Lysåsen Hyttefelt på Facebook

Adresse:

Nesvegen 184

4139 Fister