Lyngsheia er eit populært turområde, både sommar og vinter.
Mange ryfylkingar nyttar området, og kjem du med bil frå Stavanger kan du nå dette flotte turområdet på omlag 40 min.
Norsk Folkehjelp - Strand og Forsand har ei vakthytta i Lyngsheia der dei har beredskap kvar helg frå januar til påske. Når forholda gjer det mogleg kjøyrer dei opp skiløyper, og på deira Facebookside deler dei oppdatert informasjon om ski- og løypeforhold og om vatna er trygge.
Finn fram
Frå Riksveg 13 (Ryfylkevegen) nederst i bakkane ned frå Tveidebrekka følgjer du skilting mot Lyngsheia og Songesand. Følg først Rivelandsvegen og kjøyr brua over Ullestadåna. Like etter svingar du av til høgre mot Lyngsheia og følgjer Songesandvegen opp i heia fram til vakthytta til Norsk Folkehjelp - Strand og Forsand.