Gladmat 2022-2024
Både i 2022, i 2023 og i 2024 hadde Hjelmeland kommune og næringsaktører frå Hjelmeland ein felles stand under Gladmatfestivalen. Her har me saman satt Hjelmeland endå meir på kartet og vist fram mange av dei fantastiske smaksopplevingane me har å by på i vår kommune.
Dette samarbeidet resulterte til 5 nominasjonar og prisen for "Årets Gladmatstand" i 2022. I 2023 fekk me 4 nominasjonar og vann både prisen for "Årets Gladmatopplevelse" og "Årets Gladmatrett" (som blei laga av Smaken av Ryfylke). I 2024 blei det 3 nominasjonar og nok ein gong vinnaren av den gjeve prisen "Årets Gladmatopplevelse"!
Gladmat 2025
I 2025 er det Gladmatfestival 25.-28. juni. Her stiller 12 aktørar saman med Hjelmeland kommune. Tek du turen innom oss, kan me love mange gode smaksopplevingar, både frå krambua, bakeriet, restauranten og i siderbaren.
Årets utstillere
På årets matfestival finn du denne fine gjengen:
Ryfylke gardsysteri
Hos Hilde og Joar kjem du tett på dyra i fjoset og kan snopa både prisvinnande ost og yoghurt i gardsbutikken.
Førre Angus
Elise og Helge brenn for gode levekår for eigne dyr og i gardsbutikken kan du kjøpa kvalitetskjøtet dei produserer.
Tveitane gard
Som tredjegenerasjon jordbærdyrkar og med fokus på å ivareta gamle tradisjonar, diskar dei opp med smakfulle Fisterbær, syltetøy og pesto.
Sie gard
Tradisjonell og naturleg mat er i sentrum, og hos dei finn du både pinnekjøt, fenalår, spekepølse, syltetøy og saft.
Eiane Gard
Elodie og Jon er lidenskapleg opptatt av kvalitet og nyskaping, og hos dei finn du naturleg flaskegjera handverksider med unike smakskombinasjonar.
Apal Sideri
Dan Olav tok seier i verdsklasse allereie med sin første sider, og brenn for god kvalitet både på sideren og sidersmakingsopplevingar.
OmCider
Høge fjell ved garden gir kjøligare vintrar og varmare somrar – perfekt for å laga sider og eplemost i verdsklasse!
Kleppa gard
Med nydeleg plassering ved sjøkanten og med flott fjordutsikt, finn du eplehagen, gardsbutikken og ein unik glamping-idyll.
Helgøyfrukt
Idylliske Helgøy er heimen til 45 personar og rundt 45 000 frukttær, og i gardsbutikken hos Helgøyfrukt finn du deira eplemostkolleksjon året rundt saman med nydelege, søte og saftige morellar i sesong.
Ryfylke bakeri og konditori
Gunvor leverer kaker og bakevarer av høg kvalitet, og vil gjerne gje deg dei beste smaksopplevingane gjennom bruk av gode råvarer.
Smaken av Ryfylke
· Sebastian brenn for god mat basert på lokale råvarer og unike smakar, og i 2023 vann han Årets Gladmatrett!
Sterling White Halibut
Deira kveite er ein råvare av ypperste kvalitet og høgt verdsett i restuarantbransjen både lokalt, nasjonalt og internasjonalt! Med kveite frå Hjelmeland er det verd å nyte ei av dei mange kulinariske kveiterettane du finn på menyen!
Samarbeid
I fjor hadde me eit veldig godt samarbeid og arrangement saman med Arne Brimi. Det blei eit flott kokkekurs for barn saman med Brimi og MasterChef - Unge talenter-deltakar Madelen Kvame. I tillegg blei det ein utsolgt 4-rettars-festmiddag med Brimi som kokk og Arne Hjeltnes som konferanserier.

I år glede med oss over å ha sydpolfarar og Ryfylke-ambassadør Karen M. Kyllesø som gjest på standen vår!