Årdal gamle kyrkje er ei særmerkte og vakker renessansekyrkje i tre frå 1600-tallet. Kyrkja er bygd i 3 etappar med den eldste delen frå 1619. Seinare, då kyrkja blei for liten, saga dei ut den eine brystveggen for å forlenge kyrkja, og slik fekk kyrkja si særprega form.
Innvendig har kyrkja flotte, malte dekorasjonar av profetar, englar og blomster. Preikestolen og altertavla blei dekorert av kyrkjemalaren Godtfred Hendtzschel.
Klasseskillet blei i gamle dagar markert i kyrkja ved at dei rikaste gardane hadde dei framste benkane som var flottast utsmykte og merka med gardsnavn.
Kyrkja er sommeropen for publikum. I juli er det óg guida omvisning i kyrkja.