Turistvert og aktivitetsguidar
Årets mest spennande sommarjobbar i Hjelmeland
Hjelmeland kommune leitar etter serviceinnstilte og aktive folk.
Turistvert
Som turistvert er du den første besøkande møter. Det er viktig å ha eit smil på lur og vera imøtekommande. Turistvert har full stilling i perioden medio juni til medio august, noko arbeid vert på laurdagar. Turistvert får også tilbod om å gjennomføra kurs saman med turistvertane i dei andre kommunane i Ryfylke.
Aktivitetsguide
Som aktivitetsguide er du med på å planlegga og gjennomføra kjekke aktivitetar for barn og unge gjennom sommarferien. Aktivitetsguidane har mellom anna tilgang til utstyr gjennom Frilager. Det er bra om du sjølv er glad i eit aktivt liv og har interesse for friluftsliv og sommaraktivitetar.
Aktivitetsguidar vil jobba i eit team med 2 – 4 personar. Stillingsprosent er 100 % i 4 veker - fortrinnsvis i perioden medio juni til medio august. Ein av aktivitetsguidane får i oppgåve å vera teamleiar, og får arbeid i om lag 6 veker. Det vil bli gitt opplæring. Det kan bli aktuelt med arbeid i helger, også utanom kjerneperioden i sommarferien.
Arbeidsstad: Hjelmeland kommune