Sjukepleiar, 2 vikariat i 100 %
To ledige vikariat som sjukepleiar ved Årdal omsorgssenter.
Årdal omsorgssenter har ledig 100 % vikariat som sjukepleiar med moglegheit for fast stilling ved Årdal omsorgssenter med tiltreding snarest. Stillinga er tredelt turnus med helg, med moglegheit for kun kveld/natt.
Dei har også ledig 100 % vikariat som sjukepleiar med tiltreding frå 01.03.2023. Stillinga inneber tredelt turnus med helgearbeid.
Årdal omsorgssenter er eit av to omsorgssentre i Hjelmeland kommune. Omsorgssenteret er inndelt i to avdelingar. Ei dementavdeling med 8 langtidsplassar, og ei somatisk avdeling med 13 langtidsplassar.
Sjukepleiar med 10 år eller mindre ansiennitet får ein garantiløn tilsvarande 10 års ansiennitet.
Arbeidsstad: Hjelmeland kommune