Sjukepleiar 100 % fast stilling
Er du ein engasjert sjukepleiar som ønskjer ein variert jobb i heimetenesten og korttidsavdelingen ved Hjelmeland omsorgssenter?
Hjelmeland omsorgssenter har to ledige stillingar som sjukepleiar, tredelt turnus:
- Sjukepleiar 100 % fast stilling med tiltreding snarast
- Sjukepleiar 100 % fast stilling ledig frå 01.12.2022
Begge stillingar inneber turnus med helgearbeid.
Sjukepleiar med 10 år eller mindre ansiennitet får ein garantiløn tilsvarande 10 års ansiennitet. Det er òg eit lønstillegg i tillegg til garantiløn for sjukepleiarar med 11, 15, 16 og 20 års ansiennitet.
Hjelmeland kommune er også behjelpeleg med å skaffa bustad.
Arbeidsstad: Hjelmeland kommune