Sjukepleiar 100 % fast og helsefagarbeidar 100 % fast
Har du lyst på fast jobb i tredelt turnus? Vil du læra meir om velferdteknologi? Er du sjukepleiar eller helsefagarbeidar?
Årdal omsorgssenter har ledig 100 % fast stilling som
- sjukepleiar med tiltreding snarast. Stillinga inngår i tredelt turnus med helgearbeid.
- helsefagarbeidar med tiltreding snarast. Stillinga inngår i tredelt turnus med helgearbeid.
I Hjelmeland kommune får sjukepleiar som er nyutdanna eller har mindre en 10 år ansiennitet ei garantiløn tilsvarande 10 års ansiennitet. Dei som har 11 år ansiennitet eller meir får og eit tillegg til garantiløn.
Arbeidsstad: Hjelmeland kommune