Saksbehandlar/rådgjevar byggesak 100 % fast stilling
Likar du varierte oppgåver? Vil du bli med på laget?
Ein av dei tilsette i Hjelmeland kommune si byggesaksavdeling har fått seg ny jobb, og det blir ein ledig stilling i avdelinga. Byggesaksavdelinga tilbyr eit raust, humørfylt og hektisk arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver innafor plan og bygningsloven og «beslekta» lovverk.
Seksjonen dekker fagområda plan, byggesak, geodata, næring, landbruk og miljø og dei har god komptetanse på plass. Dei spelar også på lag med resten av kommunalsjefområdet samfunn og næring, og heile kommuneorganisasjonen.
Arbeidsstad: Hjelmeland kommune