Kontaktperson/saksbehandlar i 80 % vikariat ved barneverntenesta
Barneverntenesta i Hjelmeland kommune har ledig 80 % vikariat som saksbehandlar/kontaktperson. Vikariatet er ledig frå 1. august 2023 til 1. august 2024.
Arbeidet som kontaktperson i barneverntenesta er varierande, spanande og utfordrane. Det inneber kontakt med barn og familiar med ulike formar for hjelpebehov og set høge krav til både relasjonskompetanse og evne til samhandling med andre. Å arbeide i barnevernet inneber å arbeide i ein teneste og med eit fagfelt som kontinuerleg er i endring og utvikling. Dette fordrar evne til å reflektere over eigen praksis, men gjev og gode læringsmoglegheiter og variert kvardag med mange ulike oppgåver.
Arbeidsstad: Hjelmeland kommune