Rådgjevar HMSK og beredskap
Er du ein som er oppteken av HMS, kvalitet, beredskap og ROS-arbeid så kan dette være din nye jobb!
Hjelmeland kommune skal nå styrke rådmannen sin stab med ein 100% rådgjevar stilling som primært skal jobbe med HMSK og beredskap. Dei søker etter ein motivert og engasjert person som er ein pådrivar innan HMSK, beredskapsarbeid og forankring. Stillinga er organisert i eininga Organisasjon, HR og beredskap, som i dag utgjer 3 årsverk.
Arbeidsstad: Hjelmeland kommune