Pedagogisk leiar 100 % vikariat
Vil du bli med på laget til Hjelmelandsbarnehagen?
Årdal barnehage har 100 % vikariat som pedagogisk leiar frå 11.12.23 til 31.07.24 med moglegheit for å forlenge.
I Hjelmeland kommune er det fire kommunale barnehagar fordelt på bygdene Hjelmeland, Årdal, Fister og Jøsenfjorden. Alle tilsette i barnehagane våre har fokus på vår felles visjon «Det beste for barnet». Gjennom våre felles verdiar «Respekt, Omsorg og Tryggleik» ynskjer me å gje barna gode og trygge opplevingar, ut i frå deira eigne føresetnadar og eiga utvikling.
Søkjer deg som brenn for faget, og som gjennom ditt engasjement og fagleg grunnlag er med på å skape ein meiningsfull, spennande og utviklande kvardag for barna.
Arbeidsstad: Hjelmeland kommune, Årdal barnehage