Leiande fysioterapeut 100 %
Hjelmeland kommune er på leit etter ny fagleiar for fysioterapiavdelinga. Avdelinga ligg i lyse, gode lokaler i Helsehuset på Hjelmeland.
Avdelinga har i dag 3,5 årsverk fysioterapeutar. Dei dekkar heile behovsspekteret både i institusjon, poliklinisk behandling og samarbeid med helsestasjon. I tillegg er hjelpemiddelformidling ein del av arbeidsoppgåvene.
Stillinga har tiltredelse 1. mai 2024.
Arbeidsstad: Hjelmeland kommune