Digital marknadsførar (Ryfylke IKS)
Ryfylke IKS er på leit etter ein kreativ digital marknadsførar som kan vera med å bygge opp kommunikasjonen og informasjonsarbeidet i Ryfylke - Å kommunisere Ryfylke.
Regionen skal etablera eit regionalt utdanningssenter som vil byggje opp under FN sine berekraftsmål. Dei peikar på at folk uavhengig av bustad skal kunne ta del i utdanningstilbod, og gje arbeidslivet høve til utvikling og økonomisk vekst. Desse måla vil og fremja sosial rettferd og bidra til å utjamna ulikheiter mellom by og land. I dette arbeidet vil arbeidet som digital marknadsførar bli svært viktig.
Arbeidsstad: Ryfylke IKS, Hjelmeland