Barne- og ungdomsarbeider 100 % vikariat
Vil du bli med på laget til Hjelmelandsbarnehagen?
Årdal barnehage har ledig 100 % vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå dagsdato til 31.07.24. Barnehagen har 3 avdelingar, stillinga er for tida på 0 - 3 års avdeling.
I Hjelmeland kommune er det fire kommunale barnehagar fordelt på bygdene Hjelmeland, Årdal, Fister og Jøsenfjorden. Alle tilsette i barnehagane våre har fokus på vår felles visjon «Det beste for barnet». Gjennom våre felles verdiar «Respekt, Omsorg og Tryggleik» ynskjer me å gje barna gode og trygge opplevingar, ut i frå deira eigne føresetnadar og eiga utvikling.
Søkjer deg som brenn for faget, og som gjennom ditt engasjement og fagleg grunnlag er med på å skape ein meiningsfull, spennande og utviklande kvardag for barna.
Arbeidsstad: Hjelmeland kommune, Årdal barnehage