Aktivitetsguidar, 2. gongs utlysing
Årets mest spennande sommarjobbar i Hjelmeland?
Hjelmeland kommune leitar etter serviceinnstilte og aktive folk. Det er viktig å ha eit smil på lur og vera imøtekommande. Som aktivitetsguide er du med på å planlegga og gjennomføra kjekke aktivitetar for barn og unge gjennom sommarferien. Aktivitetsguidane har mellom anna tilgang til utstyr gjennom Frilager. Det er bra om du sjølv er glad i eit aktivt liv.
Aktivitetsguidane vil jobba i eit team med 2 – 4 personar. Stillingsprosent er 100 % i 2 - 6 veker i perioden medio juni til medio august.
Arbeidsstad: Hjelmeland kommune