Aktivitør 100% fast dagstilling
Er du positiv, kreativ og løysningsorientert? Har du lyst å ta del i eit godt arbeidsmiljø som brenn for å auka livskvaliteten for våre bebuarar? Då vil me gjerne høyra frå deg!
Hjelmeland kommune har ledig 100% fast stilling som aktivitør ved Årdal omssorgssenter. Arbeidstida er hovudsakleg på dagtid, men med unnatak ved arrangementer.
Som aktivitør skal du vere med å auka trivsel og aktivitet hjå bebuarane slik at dei opplev kvardagsmeistring.
Arbeidsstad: Hjelmeland kommune