Sommarmarknad og sidertur til Buhagen
Tidspunkt: 23. juli
Stad: Hjelmelandsvågen og Buhagen
Velkommen til sommarmarknad i Hjelmelandsvågen!
Det blir salsboder med lokale produkt, du kan besøkja sommarutstillinga "På spinnesida: Vevnad" i Spinneriet, det blir underhaldning og aktivitetar og du får ferietips frå turistverten!
I samband med sommarmarknaden blir det òg høve til å oppleva sideria i Hjelmeland!
Denne laurdagen går turen til Buhagen!
Avreise med båt eller buss frå Hjelmelandsvågen kl. 13.00.
Ei gruppe startar i den restaurerte skuta M/S Lyngøy. Her får du servert rømmegraut med spekemat og eplemost. Båten tek deg til Osmundshavn i Jøsenfjorden før den legg til kai på Skiftun og besøk hos Buhagen for omvisning og moglegheit for å smake på produkta deira.
Ei anna gruppe blir med Jøsneset transport i buss til Buhagen, der dei også får omvisning og moglegheit for å smake på produkta deira.
Dei som startar med båt, går over i buss på Skiftun tilbake til Hjelmelandsvågen. Og dei som starta med busstransport går om bord i M/S Lyngøy for tilbaketur til Hjelmelandsvågen.
Billett:
Pris kr 700,- pr. person. Prisen inkluderer transport, mat og smaksprøvar.
Billett kan du bestille hos turistverten på tlf. 404 39 157. Du kan også sende ein e-post til turistvert@hjelmeland.kommune.no eller koma innom i opningstida måndag til fredag kl. 10 - 15.30.
Det er plass til totalt 24 deltakarar - 12 med båten og 12 med bussen.
Påmeldingsfrist: Fredag 22. juli kl 14.
Hjarteleg velkommen til sidertur og sommarmarknad!