Galleri bilder

– Me har litt ferie kvar dag

I mai 2020 overtok Janneke Wijgergangs og Martijn Bellemakers gard, kraftstasjon og tre turisthytter på Fossane i Vormedalen. Det nederlandske paret kom først til Suldal i 2006, men det var på Fossane Gard dei skulle få oppfylla draumen om å eiga og driva si eiga reiselivsverksemd.

Les meir
Schlawicke 00

Foto: Morten Hetland

– Me er på rett plass

I 2008 flytta Signe (53) og Torsten (50) til den litle bygda Fister i Hjelmeland kommune. Sønene deira, Sebastian (31), Leon (24) og Ole (19), blei med på flyttelasset til Norge. –  Det har gått riktig bra for alle tre, konkluderer Signe og Torsten, 14 år seinare.
Les meir

Helgesen 03

Foto: Morten Hetland

Frå pelsdyrbønder til glamorøs reiselivssatsing

For over fire år sidan annonserte Solberg-regjeringa eit forbod mot pelsdyrhald. Pelsdyrbøndene ventar framleis på erstatning, men Reidar (64) og Sissel (58) Helgesen er allereie på god veg inn i ei framtidsretta reiselivssatsing på småbruket Hetlevik på Randøy.
Les meir

Sie 05

Foto: Morten Hetland

Familieliv mellom fjell og fjord

Ruth-Iren (37), Anders (40) og dei tre barna deira trivst godt mellom fjell og fjord, på garden Sedberg i Årdal. Anders har jobb i heimbygda, medan Ruth-Iren pendlar til Tau.
Les meir

Jansen Bomark 07

Foto: Morten Hetland

Bygde husdraumen på Hjelmeland

Då Espen Bomark (30) frå Bråstein i Sandnes blei kjent med Natalie Jansen (27), hadde han ingen plan om å busetja seg i heimbygda hennar. Nå har dei blitt foreldre til to gutar, og bygd seg ein husdraum i sentrum av Hjelmeland.
Les meir

Ryfest - kultur- og matfestival i Hjelmeland

Tidspunkt: 1. - 3. september

Stad: Hjelmelandsvågen

Ryfest er ein kultur- og matfestival på vakre Hjelmeland i Ryfylke.

Festivalen fremjer landbruk, lokale mattradisjonar, sider, frukt, sjømat, havbruk, kunst, handverk og kultur!

Ryfest har som mål å vera ei festhelg for heile familien, der matglede og kultur står i sentrum.

Viktige og tradisjonsrike Ryfylkenæringar som fruktdyrking, havbruk, landbruk og kunsthandverk får høve til å presentera seg og lokale artistar står på scena saman med nasjonale.

Og så vil du sjølvsagt oppleva fest og basar på kveldstid, med konsert, mat- og gourmetkveld m.m.!

Opningstider

Fredag 1. september - Gourmetkveld hos restauranten Smaken av Ryfylke

Laurdag 2. september

  • Spinneriet Kunst & Handverksmessa kl. 10:00-16:00
  • Utstillingar og underhandling i Vågen kl. 10:00-16:00
  • Dans og fest i Hjelmelandshallen kl. 20:00-01:00 (18 år)

Søndag 3. september

  • Jazzgudsteneste kl. 11:00
  • Spinneriet Kunst & Handverksmessa kl. 10:00-16:00
  • Utstillingar og underhandling i Vågen kl. 10:00-16:00

Les meir om Ryfest på heimesida deira