Kurs for næringsdrivande: Korleis gi god service til personar med demens?
Eit meir demensvennlig samfunn er avgjerande for mange og bra for alle. Personar med demens blir meir selvhjulpne og kan leva aktive liv lengst mogleg. Ved å bli møtt med respekt og forståing, vil personar med demens og pårørande deira oppleva tryggleik, fridom og verdigheit. Kunnskapen bidreg til at arbeidskvardagen til personar i ulike serviceyrke blir enklare, og kommunar og servicenæringar som deltek får eit positivt omdømme.
Bli med på kurs og finn ut korleis du kan bidra!
Tidspunkt: Tysdag 29. mars: Alt. 1: kl 09 - 10:30 | Alt. 2: kl 15 - 16:30
Stad: Kontorfellesskapet, Prestagarden 5, Hjelmeland