Haustmarknad
Tidspunkt: 8. oktober kl 12 - 14
Stad: Hjelmelandsvågen
Sjølvsagt blir det haustmarknad òg dette året!
Det blir eit rikholdig utval av varer, underhaldning og opplevingar!
Her kan du kjøpa bakverk, lefser, saupskolt, syrekaker, nordlandslefser og mormor sin nydelege saupkaka med glasur. Her finn du honning, skinnprodukt, krystallar, saueskinn og alt du treng til å laga din eigen pizza akkurat slik du vil ha han.
Her vil du òg finna ost og yoghurt, syltetøy, eplemost, bringebærsaft, ulike flotte kjøkken- og interiørting og tova tøfler og luar. Og her kan du òg bli betre kjent med ei bedrift som tilbyr dronefotografering, 3D design og 3D printing.
Det blir både omvisning og rebusjakt for barn ombord i M/S Lyngøy, 1. og 2.klassinger ved Kulturskolen vil ha danseoppvisning ca kl 13 og det blir hyggjeleg og stemningsfull trekkspillmusikk.
Kanskje du vil prøva deg med nokon av leikane i aktivitetshengjaren? Her er det garantert noko å bryna seg på både for store og små.
Hjarteleg velkommen til haustmarknad i Hjelmelandsvågen!