352863358 293183993053147 687175981721021310 n

Lag & Foreningar

Mange engasjert innan frivillige lag og organisasjonar gjer ein stor innsats med å skapa treffstader og aktivitetar for ulike aldersgrupper året rundt.

Hjelmeland frivilligentral, Hjelmeland kommune og Ryfylkebiblioteket bidreg også som aktiv medspelarer og legg til rette for ulike aktivitetar og arrangement.

Lyst til å bli med som frivillig?

Rundt om i grendene finn ein mange lag og foreningar som arrangerer aktivitetar for alle aldre. På foreningsportalen finn du kontaktinformasjonen og ein oversikt over dei ulike laga:
Foreninger i Hjelmeland

Du kan også ta kontakt med Hjelmeland Frivilligsentral for å melde deg som frivilleg. Her kan du til dømes bidra med oppgåver som følgjeteneste, aktivitetsven, kafévert, besøksven, praktisk hjelp til arrangement, matomkjøring ol. Det er berre å ta kontakt eller koma innom for ein prat om kva ein kan gjere for deg og kva du kan gjere for andre.

Hjelmeland frilligsentral sitt motto er:

Alle har noko å gi og alle treng ei hand. Me brenn for at menneske skal møtast og vere til nytte for kvarandre. Å bidra for andre gjennom frivillig innsats skapar ny meining i livet.

Kontaktinformasjon til Hjelmeland frivilligsentral

Nettstad: Hjelmeland frivilligsentral

Epost: asmund.sigmundstad@hjelmeland.kommune.no